Bloggnorge.com // SY FANT
Start blogg

På langtur

Frå Inverness segla vi til Wick nord i Skottland og vidare til Kirkwall på Orkenøyane.

søndag 28. juni , 2015 kl. 00:33 i Ukategorisert. 0 kommentarer »
Inn til Lerwick

Inn til Lerwick

Frå Inverness segla vi til Wick nord i Skottland og vidare til Kirkwall på Orkenøyane. Forstatt kaldt og full vinterbekledning. Frå Kirkwall segla vi vidare til Lerwick på Shetland. Her brukte vi 14 timar med tildels sterk vind,regn og bølger mot oss. Godt med ekstra mannskap så vi kunne dele oss i to skift. Når vi kom inn til sørspissen av av Shetland måtte vi legge om kursen austover i 2 timar på grunn av sterk straum og krapp  sjø, men kom endelig fram til Lerwick ut på kvelden. Det var kuling frå nord dei neste dagane så vi la ut frå Lerwick når denne roa seg og fekk god bør med vinden og bølgene frå sida. Vi brukte 23 timar over til Holmen Grå på utsida av Sognefjorden og gjekk vidare inn Krakhellsundet og til Florø. På siste etappa frå Florø til Ørsta fekk vi godt veir, flatt hav over Stadthavet, og når vi kom inn Åramsundet kom sommarvarmen og vi fekk tørka opp segl og anna utstyr på veg inn mot Ørsta. Kunne ikkje ha fått finare forhold på avsluttningsetappa. 14 mnd er over på tokt med SY Fant med mange utfordringar og opplevingar, ein tur vi vil sjå tilbake på med glede. Til slutt vil vi takke Frode og Asbjørn som var med oss frå Dublin og som tok sine tørningar på siste 14 dagane av turenbilde (4)

Lunch etter runding av Stadt

Lunch etter runding av Stadt

Ved Larsnes

Ved Larsnes

Inverness

torsdag 18. juni , 2015 kl. 23:37 i Ukategorisert. 0 kommentarer »

Vi ligg no i Inverness og har siste 2 dagane slusa oss gjennom Caledoniakanalen. Vi utvida mannskapet i Dublin med Asbjørn og Frode og vi har hatt god bør sidan dei kom ombord og fått brukt genakeren på store delar av overfarta frå Irland til Skottland samt på Lock Ness-sjøen. Vi tek sikte på å segle vidare til Wick, Kirkwall og Shetland dei neste dagane, eventuelt inn om Fair Isle.

Jura

Jura

Asbjørn i slusa

Asbjørn i slusa

Lock Ness

Lock Ness

Lock Ness

Lock Ness

Nessy

Nessy

Dublin

Dublin

Kilmor i Irland

fredag 5. juni , 2015 kl. 11:20 i Ukategorisert. 0 kommentarer »

Vi kom til Kilmor i Irland i går etter ein flott seilas frå Milford Haven i Wales. Vi tilpassa avreisa slik at vi fekk god hjelp av straumen under vegs. Vel ute i havet fekk vi nærkontakt med 3 kvalar, men summa oss ikkje til å ta bilde av dei. Vi fekk også besøk av ei slita due som slo seg til på dekk etter tredje landingsforsøket. Her vart ho i over 3 timar og vart fora med vatn og brød. Når vi nærma oss Irland takka ho for seg og flaug vidare. Vi vert liggande i Kilmor eit par dagar før me seglar vidare til Arklow og Dublin. I Dublin får vi forsterkning av mannskapet med 2 trauste karar frå Volda som er med oss vidare nordover. Ruta vidare vert frå Dublin-Belfast og gjennom Caledoniakanalen. Orkenøyane, Shetland og heim.

DueDuebesøk

Proviantering

Proviantering

Innseglinga til Milford Haven

Innseglinga til Milford Haven

Slusing ut av Milford

Slusing ut av Milford

I innseglinga til Lezardrieux ligg øya L`ile de Brehat mellom holmar og skjær .Vi sykla og tok båten ut dit.Ein turistatraksjon, og det med rette. Flott øy utan bilar, eit intimt miljø og nydelig natur. Gikk ei runde på øya, sjølv i noko regn og kald vind var dette ei flott oppleving  Vi segla over til Guernsey, ei av kanaløyane, 15 mai og hadde motvind på heile turen som tok 7 timar. Ei fin, frodig øy, med klipper, strender og eit flott sentrum i St.Peter Port. Ein fransk regatta hadde overnatting i havna så det var ganske fullt og livlig  Her er det opp til 10 meter melleom flod og fjøre og vi kom inn til marinaen når det var flod og fekk gå rett inn i marinaen på grønt lys. 17.Mai var det bra værmeldingar så vi reiste frå Guernsey i gryotta for å krysse kanalen mot Dartmouth. Vi hadde 3 knop straum i hekken ut frå Guernsey og gjennom Little Russel Sundet der bølgene kom mot straumretninga og laga tildels knappe og høge bølger. Her fekk vi virkelig vaska båten. Første delen av turen var det motvind og siste 5 timane dreia vinden til ein skarp kryss og var oppe i ein liten kuling før me kom inn til elva Dart og til Dartmouth. Flokker av delfinar oppsøkte oss to gongar når vi nærma oss land og hadde 17.mai leikar rundt båten Dartmouth var eit vakkert skue når vi kom inn Det er meldt kuling dei neste dagane så vi vert truleg liggande her nokre dagar før vi seglar vidare rundt Cornwall.

tirsdag 19. mai , 2015 kl. 11:44 i Ukategorisert. 0 kommentarer »
17 mai

17 mai

Fjøre

Fjøre

Dartmouth

Dartmouth

Guernsey

Guernsey

Ut frå Guernsey

Ut frå Guernsey


1780

Vi gjekk ut frå La Rochelle i dag og har segla i godt veir til Les Sables de Olonne. Frå Biarritz-Bayonne til La Rochelle brukte vi 3 dagar i godt veir, med vinden med oss. Distansen er ca 200 NM i eit område som vert brukt av forsvaret til skyting frå landbatteri og ut i havet. Vi måtte derfor sjekke om det var skyteaktivitet i området før me segla vidare neste dag. Dagsetappar på 10 timar gjekk greit, men det var godt å kome i havn på kvelden då vi var på same kursen heile dagen. Området er lang-grundt og for å unngå drag segla vi stort sett i ein avstand på 7 NM frå land. Arcachon var ein fin plass. Spesiell innsegling der vi måtte kome på rett tid i høve flod/fjøre. Godt merka leid, men mykje svell før vi kom inn. Nydeleg område ,masse båtar ute i det fine veiret Typisk ferie/badeby med flotte strender Båten vart nesten gul desse dagane Tenkte først det var sand,men det var pollen i lufta som la seg som eit teppe  La Rochelle er ein fantastisk flott by der marinaen har plass til 5000 båtar. Gåavstand inn til gamlebyen. Kjempefin by med flotte bygningar, koselige gater og restauranter.:-) Vidare mot Brest har vi eit flott område å segle i der vi kan velge mellom øyar ute i havet eller fastlandet. I dette området må vi planlegge dagsetappane ut frå tidevatnet og tidspunkt vi går ut og inn av marinaen.

lørdag 25. april , 2015 kl. 23:31 i Ukategorisert. 0 kommentarer »
Leida inn mot Arcachon

Leida inn mot Arcachon

La Rochelle

La Rochelle

Innseglinga til Sables d Olonne

Innseglinga til Sables d Olonne



Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "SY FANT" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse. Forfatter er selv ansvarlig for innhold. Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.