Etter ei veke i Malaga sammen med gode venner frå Volda er vi tilbake i båten. Mesteparten av turen tilbake gjekk med buss, men vi sykla siste dagen frå Murcia til båten gjennom eit flott landskap. Lite trafikk og variert terreng. Siste dagane har vi brukt tida til puss av båt og lokale sykkelturar samt ein tur ut i havet med båten. No ventar vi på snøfall i Sierra Nevada så vi kan starte skisesongen. Normalt er det skiføre der frå 1 desember.