Bloggnorge.com // SY FANT
Start blogg

På langtur

Frå Adra seilte vi vidare til Marina del Este, ei koseleg lita havn. Vi fekk møte med ein liten delfin og observerte ein månefisk. Dette er tredje observasjon av månefisk på turen der vi berre har sett små eksemplar. Neste havn var Port De caleta De Velez som var stengd for gjestar, men vi fekk plass for natta. Ferske veirmeldingar viste max 8 sek.m. Berre Meteo Spain viste mykje meir vind og opp mot kuling og storm i kasta. Etter ein halvtime ut av havna auka vinden og bølgene på rett i baugen og friskna til mot 30 knop i kasta. Vi fekk virkelig vaska dekk med saltvatn på denne etappa med sjø på 4-5 m. Vi la om kursen og gjekk inn til Malaga for ein kort lunch. Vi valgte å segle vidare og heiste storseglet med 2 rev før vi kom ut av havna samt ein redusert genova. Vi fekk gunstig vind og farta var 7,5 knop i snitt til Benalmadena. Vi sjekkar 3-4 stasjonar for veirmelding, men det er store variasjonar samt lokale forhold så å få eksakte meldingar på vind og bølgehøgde er vanskelig. Windity.com viser seg å gi best generell info, men tar ikkje hensyn til lokale forhold. Vi vart liggande 2 dagar i Benalmadena for å vente på gunstigare vind. Dette er ei stor havn, men på grunn av sterk vind ute i havet var der tildels mykje svell og urolig å ligge. 01.02 Etter ein god frukost sjekka vi ut av havna og heiste segl. Vinden har løya og vi fekk god bør med motorsegling første 2 timane. Så snudde vinden og det vart ein skarp motorkryss med storen i 2 rev vidare mot Estepona. Vinden var opp i 15 m.sek og vi vurderte å gå inn i første havna etter Marbella (Port Jose Banus) , men lenger inne viste det seg at vi fekk brukbar vind og mindre sjø så vi fortsette til Espetona, ei flott havn med lite svell. No er vi berre 20 NM frå Gibraltar og ser klippa her i frå. Det var opp i 2 knop motstraum under turen. Sol heile dagen, men full bekledning. Det er fortsatt kuling i mot oss, men vi tek sikte på å nå Gibraltar i løpet av torsdag då vinden skal løye.

tirsdag 3. februar , 2015 kl. 21:37 i Ukategorisert. 0 kommentarer »

IMGP2432IMGP2411MARINA DEL ESTESYKKELTUR OPP FRÅ MARINA DEL ESTEHAVNA I BENALAMADENAKULING UTE I HAVETSYKKELTUR  I ESTEPONA1000 HGM




(Kun synlig for administrator) *

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "SY FANT" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse. Forfatter er selv ansvarlig for innhold. Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.