Arkiv for: mars, 2014
Vi kasta loss i dag 30 mars kl 1700 frå Ørsta og ligg no på Rosenlund Marina, Sandshamn.
søndag 30. mars , 2014 kl. 22:47 i Ukategorisert. 0 kommentarer »
Siste innlegg
- Frå Inverness segla vi til Wick nord i Skottland og vidare til Kirkwall på Orkenøyane.
- Inverness
- Kilmor i Irland
- Vi har runda Cornwall og Lands End og ligg no i Milford Haven i Wales. Det er langt mellom havnene i dette området så dags-seilasane er normalt 10-12 timar. På turen frå Padstow til Milford fekk vi fleire gongar delfinbesøk i løpet av turen. Frå Padstow sykla vi til Port Isaac der Doc Martin-serien vert spelt inn. Cornwall er eit flott område, men dårleg tilrettelagt for sykling då vegane er smale og med tildels mykje trafikk.
- I innseglinga til Lezardrieux ligg øya L`ile de Brehat mellom holmar og skjær .Vi sykla og tok båten ut dit.Ein turistatraksjon, og det med rette. Flott øy utan bilar, eit intimt miljø og nydelig natur. Gikk ei runde på øya, sjølv i noko regn og kald vind var dette ei flott oppleving Vi segla over til Guernsey, ei av kanaløyane, 15 mai og hadde motvind på heile turen som tok 7 timar. Ei fin, frodig øy, med klipper, strender og eit flott sentrum i St.Peter Port. Ein fransk regatta hadde overnatting i havna så det var ganske fullt og livlig Her er det opp til 10 meter melleom flod og fjøre og vi kom inn til marinaen når det var flod og fekk gå rett inn i marinaen på grønt lys. 17.Mai var det bra værmeldingar så vi reiste frå Guernsey i gryotta for å krysse kanalen mot Dartmouth. Vi hadde 3 knop straum i hekken ut frå Guernsey og gjennom Little Russel Sundet der bølgene kom mot straumretninga og laga tildels knappe og høge bølger. Her fekk vi virkelig vaska båten. Første delen av turen var det motvind og siste 5 timane dreia vinden til ein skarp kryss og var oppe i ein liten kuling før me kom inn til elva Dart og til Dartmouth. Flokker av delfinar oppsøkte oss to gongar når vi nærma oss land og hadde 17.mai leikar rundt båten Dartmouth var eit vakkert skue når vi kom inn Det er meldt kuling dei neste dagane så vi vert truleg liggande her nokre dagar før vi seglar vidare rundt Cornwall.