Bloggnorge.com // SY FANT
Start blogg

På langtur

Arkiv for: juli, 2014

Frå Dusiburg gjekk vi vidare på Rinen og var innom Dusseldorf. Kåre og Fant vart liggande i marinaen her ei veke medan Margrethe og Liv reiste på sykkeltur på Algarvekysten.  Alle var like fornøgde når veka var omme , I Køln tok vi imot besøk heimanfrå og fekk då manskap ombord som var til god avlastning opp den noko strenge Father Rhein . Bonn for vi og forbi før me runda det tyske hjørnet der Moselelva renn ut i Rinen. Rinen var utfordrande på mage måtar og vi drog i fløyta når vi runda Koblenz og slusa inn i Mosel som er kanalisert og har ein strøm i mot på 1,5 knop. Vi har kombinert kanalfart og sykling i Moseldalen siste dagane og er no i Senheim ca 70 km frå Koblenz. Mange små gamle «dorfar» ligg langs elvebredda opp denne vakre dalen. Ca 120 km lenger opp i elva (Schweich) lastar vi opp båten på bil 4 august. På grunn av problem med kraning og vannstand i Rhone tar vi båten på bil fram til Port Napoelon ved middelhavet der masta ligg og ventar på båten. Vi skulle gjerne gått på dei franske kanalane, men vi er også klare for å få meir vatn under kjølen. Vi har tidlegare feriert på dei franske kanalane med båt så vi veit ka vi går glipp av. Her går det sakte med mange små sluser, men romantisk er det. Moseldalen er fantastisk med vinrankar frå elvebredda og opp i ås-sidene. Her er aktiviteten blant vinbøndene veksande, men dei blir ikkje rike av vinen som kostar 35 kroner for god kvalitet. Vidare er det langt mellom slusene, ca 30 km og leida (midtfåra) er godt oppmerka med grøne og raude bøyer. Trafikken er til tider stor av nyttefartøy der vi må ta hensyn og stanse for å få nok avstand til å passere. Slusing er blitt kvardags og rutine. Vi fortøyer midtskips og bruker baugpropellen for å juster ved behov.

torsdag 31. juli , 2014 kl. 13:23 i Ukategorisert. 0 kommentarer »
Dusseldorf Marina

Dusseldorf Marina

Det norske flagget er populært på Moselelva

Det norske flagget er populært på Moselelva

 

Ved ei av slusene i Mosel der alle sluser åpnet seg sammen med lyn og torden. Vart ho våt ?:-)

Ved ei av slusene i Mosel der alle sluser åpnet seg sammen med lyn og torden. Vart ho våt ?:-)

 

På besøk i en liten, men eksklusiv vinkjeller

På besøk i en liten, men eksklusiv vinkjeller

 

Fra borga i Cochem

Fra borga i Cochem

 

Ei av mange borger

Ei av mange borger

Keier Vilhelm på det tyske hjørnet der Moselelva renn inn i Rhinen

Keier Vilhelm på det tyske hjørnet der Moselelva renn inn i Rhinen

Vinranker i alle bakker

Vinranker i alle bakker

 

Mange rare farkoster

Mange rare farkoster

 

IMGP1330

Kjekt besøk av barna i Dusseldorf

Kjekt besøk av barna i Dusseldorf

04.07 Gjekk vi vidare kl 9 i nydelig veir og sol frå klar himmel. 5 timar på kanalen utan ei einaste sluse. Etter 3 timar kom vi inn på Dortmund Ems Kanal. Rein og fin kanal der folk bada langs bredda. Såg faktisk innbydande ut i forhold til kanalane før. Gjekk vidare i 2 timar og inn i ein flott marina, Alte Fart Fuestrup med nok klaring under kjølen. Sykla 50 km i 32 grader og såg fotballkamp på resturangen i marinaen. No er det meir å sjå langs kanalen i forhold til Mittelandkanalen som er rimelig kjedelig med mykje vegitasjon, kun skog, ender og andre båtar, men mange fine byar langs kanalen når vi tar sykkelen fatt. Frå Alte Fart Fuestrup gjekk vi vidare og slusa Gelsenkirchen og la oss til ved bredda av kanalen. Vi sykla ein 40 km tur langs kanalen. Søndag vart det ei ny sluse,flott veir og folk kosa seg langs kanalen. Vi kom fram til Hafen Oberhausen der vi fekk ligge langs brygga til turistbåten. Det var langt mellom havner og liggeplassar på denne strekninga. Neste dag gjennom 2 sluser før vi kom inn på Rinen der vi fekk føling med motstraumen på 3,5 knop. Fart ca 4 knop på 2500 omdr. der vi gjekk 3 kilometer før vi gjekk inn kanalen til Duisburg. Rinen er utfordrande på mange måtar der vi må holde oss i same leia som dei store fraktebåtane på grunn av att vi stikk 1,7 m. Her er spesielle reglar der ein generelt skal møtast om babord side. Dei som går nedover elva har retten på si side til å gå over på motsatt side. Då slår dei ut eit blått skilt på styrbord side som er eit signal om at vi må gå over til andre sida av elva og møte dei på styrbord side. Vi ligg no i Duisburg med regn heile dagen. Litt klesvask er også godt å få gjort slike dagar. Vi tar sikte på å ta neste etappe til Dusseldorf der vi skal møte resten av familien som kjem på besøk. Vi har uklare medlingar om vannstanden på kanalen frå Metz til Lyon så vi har beslutta å ta båten på landevegen, trulig frå Trier til Lyon. Dagen har gått med til forhandlinger om transport og kraning.

tirsdag 8. juli , 2014 kl. 23:14 i Ukategorisert. 0 kommentarer »

IMGP1243

Duisburg

Duisburg

IMGP1249

Kveldsstemning fra kanalkanten

Kveldsstemning fra kanalkanten

Susemesteren

Slusemesteren

Statua av Keiser Wilhelm

Statua av Keiser Wilhelm

Første delen på Rinen

Første delen på Rinen

Gjekk frå Berlin til Ketzin med masse torden og regn, ca 4 timar på Havel Kanal. Ei sluse. Dette er ein relativ smal kanal der vi møtte ein stor fraktebåt. Her gjekk vi innn til elvebredda og stoppa og Liv holdt oss fast i eit tre. Når båten passerte oss drog sjøen oss framover så Liv måtte berre sleppe og eg måtte sette full fart framover og justere med baugtrøsteren for å holde retninga.Gjekk frå Ketzin til Brandenburg ca 2 timar på Havel Untere Kanal.Etter slusa i Brandenburg gjekk vi ca 5 km i Silokanal for å finne diesel ut frå frå info me fekke i Havel Marina. Det viste seg at diselstasjonen var i Brandenburger Niederehavelkanal så vi måtte snu og gå tilbake. Her var djupta under 2 meter så vi gjekk med lav fart til vi etter kvart kom fram til diselpumpa.Ny dag, to sluser (ned), Wusterwitz og Zerben sluser på Elbe Havel kanal. Djupte i kanalen 3,5 m og 1,5knop motstraum. Kom fram til ein liten marina i Burg med 20 cm under kjølen. Ein fin dag med 25 gr. og sol. Ca 6 knop snittfart. Liv er no blitt slusemeister og mindre spent for kvar sluse.Niegripp sluse som løfta oss 19 meter. Vidare kryssa vi Elbe over ei bru. Elbe var her den gamle grensa mellom Øst og Vest-Tyskland. Vi ringde marinaen i Haldensleben før avgang og fikk klaring for 2 meter djupte der. Når vi vi kom fram viste det seg at den berre var 1,5 m djup og vi gjekkk vidare til Bulstringen der vi la oss til ved kanalbredda på ein anvist plass for privatbåter. Gjekk frå Bulstringen og 5 km forbi Wolfsburg då vi ikkje fekke plass der. La oss til longside ved kanalen uten straum, men stilt og rolig.Vi starta dagen med å sykle inn til Wolfsburg og besøkte WW-anlegget og såg på nye bilar. Vidare handla vi og gjekk vidare 55 km til ein god marina der vi fekk ligge langs på Yachthafen Sehnde. Her var både straum og vatn. Vi gjekk gjennom ei sluse, Sulfeld der vi slusa opp 9 meter, åleine i slusa. Småregn og delvis skya i løpet av dagen. Vi møtte eit svensk par som låg ved kanalbredda ein time før marinaen. Dei kom i frå Middelhavet med ein Regina av Vindø.Dei kom ruta opp som vi har planar om å gå ned. Dei var i botnen et par gonger på høgste punktet i Canal des Vosges som har 1,8 m djupte, dei stikk 1,7 m. Dette var i høgste bassenget der dei kryssa byen Epinal. Sidan vi stikk 1,7 m må vi avklare om det er nok vatn til SY Fant etter Moselelva og fram til Lyon før vi skal vidare nedover mot Marseille. Frå Lyon og dit er det ikkje problem. Dersom vi ikkje får ei klar tilbakemelding om nok vatn under kjølen må vi forberede oss på å laste båten over på bil og ta landvegen et stykke. Vi håper på regn framover så kanalane gir oss nok vatn under kjølen. Gjekk vidare og forbi Hannover. Slusa ned 19 meter, Anderten sluse og la oss til ca 5 km vest for byen. Etter ein time fylde vi diesel og båten brukar ca 2 liter pr. time på 1800 omdr. Vidare til Minden, totalt ca 5 timar. 20 gr varmt og lettskya. Her la vi oss til i Marina Mindener Yacht-Club med dybde 1,8 meter. No var det på tide med ein ny sykkeltur. Vi ligg no ved kanalbredda i Bramsche.

torsdag 3. juli , 2014 kl. 17:09 i Ukategorisert. 0 kommentarer »

IMGP1223IMGP1146IMGP1150IMGP1194IMGP1198IMGP1062

Ørsta Marina Brygge i Tyskland

Ørsta Marina Brygge i Tyskland

 

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "SY FANT" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse. Forfatter er selv ansvarlig for innhold. Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.