Bloggnorge.com // SY FANT
Start blogg

På langtur

Arkiv for: februar, 2015

Vi ligg no i Lisboa i Marina Oeiras, ca 12 km frå sentrum av byen. Vi fekk forsterka mannskapet med Ragnar ombord i Vila Real de Santo Antonia i Portugal den 16 februar, og han vart med oss ei veke. Vidare gjekk seglasen til Vila Moura neste dag. Her vart det meir vind og bølger enn forventa og med 3 rev og godt innrulla genoa vart det meir en ein broach i løpet av dagen. Vinden var oppe i 40 knop i kasta og det var vanskeleg og unngå ein broach når vi fekk ein kombinasjon av ei rosse samtidig som vi var opp på ei stor bølge. Etter vi runda innseglinga til Faro roa vind og bølger seg. Maxfarta var oppe i 9,5 knop. Fleire gongar denne dagen kom delfinar og kosa seg rundt båten, til stor glede for oss. Neste dag segla vi til Lagos i relativt godt veir der vi la oss til nedanfor brua til marinaen for å starte tidleg neste morgen. Vi gjekk ut av havna og ned elva kl 04:30 frå Lagos då vi hadde ein lang dag på 80 NM framfor oss til Sines. Det er ingen havner mellom Lagos og Sines og få plasser til å legge seg for anker så vi valgte å starte tidleg for å kome til Sines før det vart mørkt. Største utfordringa med å segle når det er mørkt langs kysten av Portugal er garn som ikkje er merka med lys. Dei første timane i mørkret gikk fint,og vi runda Cabo de Sao Vicente, Europas absolutt sørvestligaste punkt, på same tid som sola stod opp!!! Eit flott syn  Stort sett segla vi på ein skarp kryss og tildels kun for motor siste timane. Frå Sines, byen til Vasco da Gama segla vi vidare til Lisboa og Oeiras Marina som ligg 12 km frå sentrum av byen. Denne dagen var det spesielt mykje svell (drag) og vi heldt god avstand frå land, ca 7 NM. Under innseglinga til Lisboa fekk vi besøk av delfinar som leika seg foran baugen. Fantastisk Kysten langs Portugal er utfordrande og må planleggast frå dag til dag der ein bør gå ut av havna på fjørande sjø og inn på flødande. Vidare vert havnene stengde på grunn av svell (drag) og vi må derfor sjekke neste havn før vi seglar vidare. Siste dagane har vi sykla ei runde på 250 km, opp til St.Cruz, Mafra og Sintra, og tek sikte på å segle vidare den 6 mars.

onsdag 25. februar , 2015 kl. 23:11 i Ukategorisert. 0 kommentarer »
Ein spreking på havet

Ein spreking på havet

Vasko da Gama

Vasko da Gama

Utanfor Lisboa

Utanfor Lisboa

Sevilla

Sevilla

Ut frå havna i Sines

Speider etter delfiner

Sykkeltur til St.Cruz

Vi kom til Gibraltar 5 februar etter ein fin seglas i gunstig vind.Observerte ein flokk med delfinar underveis,men dei var for langt innmed land til at vi fekk nærkontakt med dei denne gangen. Når vi kom fram til Gibraltarklippa tok vi ned segla på grunn av sterke fallvindar og gjekk siste timen for motor til Queensway Quai Marina i sentrum. Her vart me liggande til laurdag då vi nytta vinden frå aust og segla vidare til Barbate gjennom Gibraltarsundet. Vi gjekk 2 turar opp til toppen av klippa og møtte apene som var ein artig opplevelse. Det er ca 300 aper på Gibraltar og det er ulike teorier korleis dei har etablert seg her, men eit populært innslag er dei .Eine turen opp på klippa gikk vi The Mediteranien steps, flott og luftig utsikt. Gibraltar vart i 1830 en britisk koloni og har i dag ca 25 000 fastboande. Middelhavet er no unnagjort for denne gong, mange fine plassar og opplevingar tek vi med oss Vi fylte diesel til 5 kr pr.liter før avreise. Her er det normalt austleg straum og den møtte vi på turen med 3 knop i mot oss. Etter vi runda Tarifa fekk vi gunstig vind samtidig som straumen minka og hadde god bør vidare til Barbate. No ser vi tydelig forskjell på tidevatnet som er +- 2 m i Barbate og må vidare planlegge avgang og ankomst etter tidevatnet. Frå Barbate segla me vidare i dag til Cadiz i god bør med vind frå aust.

søndag 8. februar , 2015 kl. 22:30 i Ukategorisert. 0 kommentarer »
900 hgm i Estepona

900 hgm i Estepona

900 hgm i Benalmadena

Gibraltar i sikte

Gibraltar i sikte

Største kanona på Gibraltar

Største kanona på Gibraltar

Frå turen til toppen på klippa

Frå turen til toppen på klippa

På tur i Gibraltarklippa

På tur i Gibraltarklippa

Sjefen i Gibraltar

Sjefen i Gibraltar

Kveld i Cadiz

Kveld i Cadiz

Frå Adra seilte vi vidare til Marina del Este, ei koseleg lita havn. Vi fekk møte med ein liten delfin og observerte ein månefisk. Dette er tredje observasjon av månefisk på turen der vi berre har sett små eksemplar. Neste havn var Port De caleta De Velez som var stengd for gjestar, men vi fekk plass for natta. Ferske veirmeldingar viste max 8 sek.m. Berre Meteo Spain viste mykje meir vind og opp mot kuling og storm i kasta. Etter ein halvtime ut av havna auka vinden og bølgene på rett i baugen og friskna til mot 30 knop i kasta. Vi fekk virkelig vaska dekk med saltvatn på denne etappa med sjø på 4-5 m. Vi la om kursen og gjekk inn til Malaga for ein kort lunch. Vi valgte å segle vidare og heiste storseglet med 2 rev før vi kom ut av havna samt ein redusert genova. Vi fekk gunstig vind og farta var 7,5 knop i snitt til Benalmadena. Vi sjekkar 3-4 stasjonar for veirmelding, men det er store variasjonar samt lokale forhold så å få eksakte meldingar på vind og bølgehøgde er vanskelig. Windity.com viser seg å gi best generell info, men tar ikkje hensyn til lokale forhold. Vi vart liggande 2 dagar i Benalmadena for å vente på gunstigare vind. Dette er ei stor havn, men på grunn av sterk vind ute i havet var der tildels mykje svell og urolig å ligge. 01.02 Etter ein god frukost sjekka vi ut av havna og heiste segl. Vinden har løya og vi fekk god bør med motorsegling første 2 timane. Så snudde vinden og det vart ein skarp motorkryss med storen i 2 rev vidare mot Estepona. Vinden var opp i 15 m.sek og vi vurderte å gå inn i første havna etter Marbella (Port Jose Banus) , men lenger inne viste det seg at vi fekk brukbar vind og mindre sjø så vi fortsette til Espetona, ei flott havn med lite svell. No er vi berre 20 NM frå Gibraltar og ser klippa her i frå. Det var opp i 2 knop motstraum under turen. Sol heile dagen, men full bekledning. Det er fortsatt kuling i mot oss, men vi tek sikte på å nå Gibraltar i løpet av torsdag då vinden skal løye.

tirsdag 3. februar , 2015 kl. 21:37 i Ukategorisert. 0 kommentarer »

IMGP2432IMGP2411MARINA DEL ESTESYKKELTUR OPP FRÅ MARINA DEL ESTEHAVNA I BENALAMADENAKULING UTE I HAVETSYKKELTUR  I ESTEPONA1000 HGM

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "SY FANT" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse. Forfatter er selv ansvarlig for innhold. Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.