Vi kom til Schweich i Moseldalen for 3 dagar sidan der vi skal laste båten mandag 4 august. Vi har nytta tida til sykkelturar og lengste dagsetappa vart 90 km til Luxenburg. Det var meininga å sykle tilbake, men på grunn av ei punktering måtte vi ta toget ett stykke på returen. I går var vi på vandring i eit vulkanområde der en kollega av Kåre Johan som er frå området viste oss rundt. Vi var innom foreldra på lunch og avslutta dagen med vinsmaking hos ein lokal vinprodusent. I dag har Liv logga djupta der vi skal gå inn og heise opp båten. Konklusjonen er att vi har ca 10 cm klaring under kjølen fram til krana.