I dag har vi sykla ein tur på 60 km mot La Manga og det er lite aktivitet i dette området på denne tida av året så det er flott å sykle langs kysten med lite trafikk og tildels gode sykkelvegar. Vidare var vi på ein biltur denne veka til Jumilla og kjøpte inn vin frå ein lokal produsent. I området rundt Jumilla vert det produsert vin av Monastrelldrua. I 1989 vart dette området herja av vinlus og vinbøndene måtte då plante opp nye vinstokkar for å fortsette med vinproduksjon. Vinbonden vi kjøpte vin frå leverte kun vin i 5 og 15 liter kartonger. Takk til sjåfør og kjentmann som førte oss fram til denne Bodegaen.
Mot La Manga
Vintønne
Opplasting av vin
Fornøgde kundar