Vi ligg no i Lisboa i Marina Oeiras, ca 12 km frå sentrum av byen. Vi fekk forsterka mannskapet med Ragnar ombord i Vila Real de Santo Antonia i Portugal den 16 februar, og han vart med oss ei veke. Vidare gjekk seglasen til Vila Moura neste dag. Her vart det meir vind og bølger enn forventa og med 3 rev og godt innrulla genoa vart det meir en ein broach i løpet av dagen. Vinden var oppe i 40 knop i kasta og det var vanskeleg og unngå ein broach når vi fekk ein kombinasjon av ei rosse samtidig som vi var opp på ei stor bølge. Etter vi runda innseglinga til Faro roa vind og bølger seg. Maxfarta var oppe i 9,5 knop. Fleire gongar denne dagen kom delfinar og kosa seg rundt båten, til stor glede for oss. Neste dag segla vi til Lagos i relativt godt veir der vi la oss til nedanfor brua til marinaen for å starte tidleg neste morgen. Vi gjekk ut av havna og ned elva kl 04:30 frå Lagos då vi hadde ein lang dag på 80 NM framfor oss til Sines. Det er ingen havner mellom Lagos og Sines og få plasser til å legge seg for anker så vi valgte å starte tidleg for å kome til Sines før det vart mørkt. Største utfordringa med å segle når det er mørkt langs kysten av Portugal er garn som ikkje er merka med lys. Dei første timane i mørkret gikk fint,og vi runda Cabo de Sao Vicente, Europas absolutt sørvestligaste punkt, på same tid som sola stod opp!!! Eit flott syn Stort sett segla vi på ein skarp kryss og tildels kun for motor siste timane. Frå Sines, byen til Vasco da Gama segla vi vidare til Lisboa og Oeiras Marina som ligg 12 km frå sentrum av byen. Denne dagen var det spesielt mykje svell (drag) og vi heldt god avstand frå land, ca 7 NM. Under innseglinga til Lisboa fekk vi besøk av delfinar som leika seg foran baugen. Fantastisk Kysten langs Portugal er utfordrande og må planleggast frå dag til dag der ein bør gå ut av havna på fjørande sjø og inn på flødande. Vidare vert havnene stengde på grunn av svell (drag) og vi må derfor sjekke neste havn før vi seglar vidare. Siste dagane har vi sykla ei runde på 250 km, opp til St.Cruz, Mafra og Sintra, og tek sikte på å segle vidare den 6 mars.
Ein spreking på havet
Vasko da Gama
Utanfor Lisboa
Sevilla
Ut frå havna i Sines
Speider etter delfiner
Sykkeltur til St.Cruz