Vi kom til Muros i Spania 17 mars etter fine dagar langs kysten. Her ligg vi fortsatt i påvente av gunstig vind for å runde nord-vest spissen av Spania og Fisterra (Cape Finisterre) eller Costa da Morte som betyr Coast of Death p.g.a mange skipsvrak langs denne kysten. Fisterra er også nevnt på latin som Lands End då dette er det punktet i nord-vest av Spania ein må runde før ein vidare seglar nord-nord-aust og vidare austover inn i Biscaya. I følge veirmeldingane ser det ut for at vi får brukbart veir for runding av Fisterra torsdag eller fredag denne veka. Vi har brukt tida med landligge i Muros til å sykle ei runde på 3 dagar inn i landet der vi på turen besøkte Santiago de Compastela. Dette er byen der pilgrimane endar opp si vandring gjennom Spania og vi besøkte den fantastiske katedralen som vert regna for å være grava til apostelen Jakob. Katedralen er ein av dei største i Europa og i 1985 vart gamlebyen og katedralen ført opp på verdensarvlista til UNESCO. Våren er i anmars, og det er shortsveir når ein er i le for den kalde nordavinden. Ute på havet er det forstatt kaldt så dei dagane vi seglar er det fortsatt full vinteruniform. Muros er ei typisk fiskerihavn der marinaen vi ligg i er ein del av fiskerihavna. Det er stor trafikk av båtar inn og ut av havna og vi får kjøpt fersk fisk, blåskjell og skalldyr 5 min frå båten. Det er sesong for makrell frå januar til april så dette er fast på menyen ein dag i veka.
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.