Vi ligg no i Ribadeo og har runda Nord-Vest spissen av Spania med mykje sjø, surfing og slingring i 4-6 meter bølger. Dette området av Spania er fantastisk fint med små fjordar ein kan gå inn i dersom havet vert for utfordrande på utsida. Vi har sykla eit par turar i Viveiro-området med gode stigningar for å kompensere for ei påske utan ski. Siste 2 dagane i Ribadeo har vi sykla vestover og sett på dei flotte formasjonane som havet har skapt. Her er det vår og førsteslåtten er i gang. Vi har no runda 1 år på turen og vil vidare segle austover inn Biscaya og nordover langs kysten av Frankrike. Vi vert truleg liggande i Ribadeo til onsdag før vi seglar vidare. 30 knop vind i havna frå aust i dag så vi ventar til vi får vinden med oss før me seglar vidare.