Vi kom til Lezardieux i går som er siste havna i Frankrike før me seglar over til Gurnesy og vidare til England. Veiret har ikkje vore det beste siste dagane med tåke og regn. Kaldt for årstida seier dei Vi har passert sunda, Pionte Du Raz og Chenal Du Four der ein må gå inn ved sjøvending og gjennom med straumen som kan kome opp i 5-7 knop. Vi vart fleire båtar som hadde tima oss inn på rett tidspunkt og segla igjennom Pionte du Raz ilag. Flotte klipper rundt og inn til Camaret sur Mer. Vi tok ein flott spasertur oppe på klippene før avgang neste dag. Vi har siste dagane vore innom Port Haliguen, Lorient, Benodet, Camaret Sur Mer, Aber Wrach, Roscoff og Lexardieux. Innseglinga til Lexardieux var fin med mange små holmar og ei øy. Båtar på bøyer innimellom og mange som segla på elva. Absolutt ein flott plass å avslutte Frankrike med
Lezardieux
Lorient
Benodet