Vi har runda Cornwall og Lands End og ligg no i Milford Haven i Wales. Det er langt mellom havnene i dette området så dags-seilasane er normalt 10-12 timar. På turen frå Padstow til Milford fekk vi fleire gongar delfinbesøk i løpet av turen. Frå Padstow sykla vi til Port Isaac der Doc Martin-serien vert spelt inn. Cornwall er eit flott område, men dårleg tilrettelagt for sykling då vegane er smale og med tildels mykje trafikk.
Padstow
Delfinbesøk
Delfinbesøk 1
Doc Martin sin bolig
Heising av sykkel
Port Isaac