I Stavanger vart vi i nokre dagar for å ta utsjekk på ICC sertifikat. Dette treng vi for å gå på dei tyske og franske vannvegane. Utsjekken gjekk bra og vidare nytta vi tida til ein tur på Preikestolen der vi tok ferga til Tau og sykla vidare til Preikestolhytta. Vidare på beina til Preikestolen. Det vart også tid til vedlikehold av kjetting og mast der Liv måtte ta turen opp i masta. Turen gjekk vidare til øya Rott på utsida av Tananger som har ei god historie frå vikingtida. Vi gjekk vidare inn til Tananger og avventa ein stiv kuling før me i dag seilte over Jærens rev og til Egersund i nydelig veir.