Bloggnorge.com // SY FANT
Start blogg

På langtur

I Stettin vart me liggande i 3 dagar. Tørka segl og tok ned masta som vidare vert sendt til Marseille i Frankrike. Den 13.06 gjekk vi inn på elva Odra til Gartz i Tyskland, her hadde vi hyggelig besøk av Piotr, kollega av Kåre Johan. Vidare til Oderberg der vi tok første slusa. Frå Oderberg gjekk vi til Berlin på Oder Havel kanalen. Utfordringa denne dagen var ei skipsheis som løfta oss 37 meter i eit stort kar. Eit fantastisk byggverk som vart påbegynt i 1927 og ferdig i 1933. Vidare mot Berlin inn i ei stor sluse som senka oss ned 12 m. Ei stund sidan sist vi hadde erfaring med slusing så Liv var litt skeptisk. Men alt gikk sakte og det var tid for litt «justeringar» underveis så bekymringane var unødvendig. Vi la oss til i Yachthafen Henningsdorf, ein liten marina tilknytta eit leiligheitshotell med god service. Dei sista dagane har vi sykla rundt i Berlin, ein stor og flott by, prega av fotballfeber for tida. Rundtur med buss var ein grei måte å sjå byen på, utanom sykkelen som er supert framkomstmiddel. I dag er me tilbake i båten etter bryllaupsfeiring i Frankfurt for ein kompis til Kåre Johan.

søndag 22. juni , 2014 kl. 20:11 i Ukategorisert. 0 kommentarer »
Klar til nedmasting i Stettin

Klar til nedmasting i Stettin

IMGP1051

Marinaen i Henningsdorf, Berlin

Marinaen i Henningsdorf, Berlin

 

Inne i skipsheisa

Inne i skipsheisa

Ute av skipsheisa

Ute av skipsheisa

Mot Berlin

Mot Berlin

 

Kveld i Stettin

Kveld i Stettin

IMGP0981

Inn i første slusa på turen

Inn i første slusa på turen

Klar til å entre skipsheisa

Klar til å entre skipsheisa

 

Odra

Odra




(Kun synlig for administrator) *

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "SY FANT" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse. Forfatter er selv ansvarlig for innhold. Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.