Vi har tatt fri frå båten i helga og har sykla 24 mil der vi besøkte kjenningar i Malemort du Comtat. Dette er eit fantastisk område å sykle i med motbakkar, god mat og lokal vin av beste kvalitet. I dag har vi tatt første etappe vestover med lite vind og har motorseilt 5 timar til Port Gardian.