Vi ligg no i Torrvejia og har knytt oss faste her fram til Nytt År. Dette er ei god havn med alt vi treng rundt oss. Frå spinningsenter til fersk fisk og 1 time med buss til flyplassen i Alicante. Vi har seilt korte dagsetappar og fått kombinert fine dagar på havet med ein god sykkeltur på kvelden. Veir og vind har stort sett vore bra, men det har dagleg vore ei tordenbye eller 2. Ein dag vi seilte frå Port Burriana til Valencia såg vi eit tildels kraftig tordenveir kome frå fjellkeda på styrbord side. Vi vurderte å gå i havn, men valgte å fortsette mot Valencia. I løpet av eit minutt braka det laust med tildels sterk vind ( 40 knop) og masse regn. Vi snudde båten mot veiret og gjekk sakte framover. Det var mindre enn 20 m sikt, men det heile var over på 10 minutt. Det vi har lært av dette er å ta på oljehyre og spesielt slalombriller i forkant . (slalombriller for å kunne sjå ned i kartplotter og radar) Vidare gå lenger ut frå kysten der trafikken er mindre. I morgon sett vi oss på syklane og tar fri frå båten eit par veker. I første omgang er planen å sykle til Malaga.
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.