Vi har endelig fått prøvt skia igjen. (Siste turen var på Folgefonna i påska.) Vi kjørte frå Torrevieja i går. Der var det meldt masse regn i helga,så vi leigde bil for å køyre opp til Granada og Sierra Nevada, der meldingane var betre , og sesongopning av skisesongen skulle vere.:-) Det tok oss ca 5 timar med diverse stopp før me kom til Granada der me bur på eit triveleg hotell i helga. I dag kjørte me opp til Sierra Nevada City, ca 40 minutt frå hotellet og var spent på om vi fekk oss ein skitur. Det var usikre meldingar frå resepsjonen i hotellet og det var ekstermt kaldt der oppe meinte dei. Sola var delvis framme i løpet av dagen så det var ein påskedag på mange måtar. Sierra Nevada city ligg på 2100 høgdemeter og vi fekk på oss ski her og gjekk opp til 2800 hgm. Ingen stor prestasjon, men den tynna lufta merka vi. Det var ikkje komt mykje snø, men produksjonen var også igang. Mykje stein i traseen vi gikk opp gjorde at vi tok gondolen ned att. Men godfølelsen er på plass
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.