Frå Sandshamn starta vi på Stadthavet som viste seg frå si beste side med nordaust bris. I Måløy tok vi neste dag ferga til Oldeide og sykla til Skatestraumen med mål om å nå toppen av Hornelen. På grunn av snø og is måtte vi snu på 800m, men hadde ein fin tur. Vi gjekk vidare til Kalvåg og neste dag til Bølandet ute i havet. Vi gjekk på austsida av Alden som du ser på Bildet. Den store klippa er Hornelen, den høgste sjøklippa i Nord-Europa 860 moh. Vi sykla rundt på Bølandet som er eit fantastisk område med 300 øyar og holmar som har bruforbindelse inn mot Værlandet og fergeforbindelse til Askvoll. Det er sesong for skreifiske og vi fekk tatt bilde av ein fiskar på utsida av Kalvåg der ørna var deltagar i restane av fangsten. No ligg vi i Bergen og fekk oss ein trimtur på toppen av Fløyen før regnet kom.