Kategori: Ukategorisert
Frå Inverness segla vi til Wick nord i Skottland og vidare til Kirkwall på Orkenøyane.
Frå Inverness segla vi til Wick nord i Skottland og vidare til Kirkwall på Orkenøyane. Forstatt kaldt og full vinterbekledning. Frå Kirkwall segla vi vidare til Lerwick på Shetland. Her brukte vi 14 timar med tildels sterk vind,regn og bølger mot oss. Godt med ekstra mannskap så vi kunne dele oss i to skift. Når vi kom inn til sørspissen av av Shetland måtte vi legge om kursen austover i 2 timar på grunn av sterk straum og krapp sjø, men kom endelig fram til Lerwick ut på kvelden. Det var kuling frå nord dei neste dagane så vi la ut frå Lerwick når denne roa seg og fekk god bør med vinden og bølgene frå sida. Vi brukte 23 timar over til Holmen Grå på utsida av Sognefjorden og gjekk vidare inn Krakhellsundet og til Florø. På siste etappa frå Florø til Ørsta fekk vi godt veir, flatt hav over Stadthavet, og når vi kom inn Åramsundet kom sommarvarmen og vi fekk tørka opp segl og anna utstyr på veg inn mot Ørsta. Kunne ikkje ha fått finare forhold på avsluttningsetappa. 14 mnd er over på tokt med SY Fant med mange utfordringar og opplevingar, ein tur vi vil sjå tilbake på med glede. Til slutt vil vi takke Frode og Asbjørn som var med oss frå Dublin og som tok sine tørningar på siste 14 dagane av turen
Inverness
Vi ligg no i Inverness og har siste 2 dagane slusa oss gjennom Caledoniakanalen. Vi utvida mannskapet i Dublin med Asbjørn og Frode og vi har hatt god bør sidan dei kom ombord og fått brukt genakeren på store delar av overfarta frå Irland til Skottland samt på Lock Ness-sjøen. Vi tek sikte på å segle vidare til Wick, Kirkwall og Shetland dei neste dagane, eventuelt inn om Fair Isle.
Kilmor i Irland
Vi kom til Kilmor i Irland i går etter ein flott seilas frå Milford Haven i Wales. Vi tilpassa avreisa slik at vi fekk god hjelp av straumen under vegs. Vel ute i havet fekk vi nærkontakt med 3 kvalar, men summa oss ikkje til å ta bilde av dei. Vi fekk også besøk av ei slita due som slo seg til på dekk etter tredje landingsforsøket. Her vart ho i over 3 timar og vart fora med vatn og brød. Når vi nærma oss Irland takka ho for seg og flaug vidare. Vi vert liggande i Kilmor eit par dagar før me seglar vidare til Arklow og Dublin. I Dublin får vi forsterkning av mannskapet med 2 trauste karar frå Volda som er med oss vidare nordover. Ruta vidare vert frå Dublin-Belfast og gjennom Caledoniakanalen. Orkenøyane, Shetland og heim.